Flåing og bearbeiding av skinn

Flåing og bearbeiding av skinn
Ved bearbeiding av skinn, skil vi mellom garving der håra fjernast, og bereding der håra sit på huda. P.g.a den tynne huda på mindre viltartar, er skinnet lite egna for garving. Eg bereder alle mine skinn sjølv, og har etter mange år opparbeidd meg ei brukbar erfaring. For å kunne berede et mjukt og varig mårskinn, krev det erfaring og ikkje minst rette preparat.
Den tradisjonelle oppskrifta eg har brukt, er arbeidskrevjande og preparata er vanskelig å få kjøpt. Det har dei siste åra komt produkt for heimebereding, som gir eit svært bra resultat. Eg har sjølv prøvd ut eit beredingssett frå Fangstmann.no.
Skinnet er lettast å flå rett etter at dyret er avliva, etter 3-6 timer inntreff dødsstivheit. Dyret er då stivt og vanskeleg å bevege, og etter 1-2 dagar slepp stivheita. Mår som har hengt for lenge i fella er lite egna til bereding, om skinnet slepp hår i buken er det lite egna til videre behandling. Eg vil i det følgjande beskrive min framgangsmåte ved flåing og bereding.

Legg dyret på rygg, lag eit snitt frå endetarmsåpninga og fram til potane . Skinnet frigjerast frå føtene, lag passasje bak halen, og snitt i halebeinet ca 4cm frå sjølve kroppen. Legg halen mellom fingrane, og drag skinnet av halebeinet. Skinnet kan vere vanskeleg å få løsna frå halen, her gjeld det å bruke makt. Etter at halen er fri, dreg ein skinnet framover skrotten. Huda er tynn, så pass på at du ikkje snittar hol i skinnet.

Skinnet er no klart for skraping, alle kjøt- og feittrestar må fjernast. Eg brukar ei skei eller ein sløv kniv, eventuelt fettskraper. Skarpe gjenstandar vil ofte lage hol i skinnet. Spesielt i buken og langs kantane sit restane godt. Pass på å ikkje skrape for langt inn i huda.
Om skinnet skal sendast til bereding må det saltast. Bruk ei saltmengd som tilsvarer ca 7 % av kjøtvekta, for mår er dette vel 130gram. Gni saltet godt inn, og lat det ligge i 5-6 dager. Pass på å dekke heile kjøtsida, område som ikkje er salta vil lett surne. Etter salting, la skinnet tørke før det skal sendast til bereding. Eit salta skinn bør behandlast innan 6 mnd.


Skinn som du sjølv skal berede, kan frysast om du ikkje er klar for bereding etter skraping. Frysing stimulerer vevet i huda, og gjev eit mjukare skinn.
For garving heime, anbefaler eg ”home tanning sett” frå Fangstmann.no. Dette innheld dei stoffa som trengs for eit godt resultat, samt olje for å gjere skinnet mjukt. Til eit mårskinn brukar eg ¼ egglass beredingsstoff, 1/4 glas salt, og 1 glas bakepulver. Tilset 2-3 eggeglas med varmt vatn, og rør til du får ei grautliknande masse. Smør på, og lat det stå i 24 timar. Skrap av overskytande masse, og påfør olje som er varma opp til ca 60 grader. Varm olje trekker seg lettare inn i huda. Etter at oljen har trekt inn og skinnet er tørt, puss lett over med sandpapir. Til slutt handvaskar eg skinnet i Biotex, før det strekkast og tørkast.
Du har no eit heimebereda skinn som eignar seg til pynt i stova. Ferdig bereda skinn oppbevarast ellers kjølig i plast.

Mårfangst er spennande, god trening og det gir økt bestand av småvilt! Lykke til som fangstmann!

Pete Løbak
Trapper
 
 
Regulerbar Tane for mink-mår
Regulerbar Tane for mink-mår
kr 249 Kjøp
 
 
Fettskrape til garving
Fettskrape til garving
 
kr 249 Kjøp
 
 
 
 
 
FØLG OSS
Website Facebook  Instagram 
DEL
  facebook   Del
 
  Tweet   Tweet
 
  Tweet   Tips en venn
 
Fangstmann.no, Bakkedamsvegen 20, 6230 Sykkylven
 

Plassering av fella

Om måren - del 3 - Plassering av fella
Det aller viktigaste hensynet å ta ved mårfangst, er kvar du plasserer fella. Eg bruker svært mykje tid på val av felleplass. Ein sikker måte, er å gå gjennom terrenget og sjå etter spor, set fella nært sporet. Måren bruker faste ruter, den vil garantert passere staden innan 2-3 veker.
Måren oppheld seg der den føler seg trygg, den skyr åpner flater, og søkjer helst tett skog. Om snøtilhøva er slik at det ikkje er mogeleg å sjå spor, studerer eg terrenget for å antyde måren si vandringsrute.


Dyr handlar ofte som menneske, kvar kan eg lettast ta meg fram for å skaffe mat? Måren må samstundes tenkje tryggleik, den søkjer sjeldan mot tett bebyggelse, men kan innta hytter. Eg plasserer ofte mine feller i øvre del av ein granskog, helst under ein bergskrent. Måren vil helst ikkje gå ovanfor skogen, då dette ofte er åpne område som gir dårleg skjul. Lukta frå åtet vil følgje luftstraumen, spreie seg nedover lia og trekkje til seg mår som går lenger nede. Kupert terreng med urer og gode gøymestader for mår, er ofte ideelle felleplassar om området er vokst til med skog.
Det kan ofte vere vanskeleg å danne seg et bilete av området du skal sette felle i. Eg brukar ofte norgeibilder.no, som er ein glimrande måte å studere terrenget på. Frå lufta ser ein alle overgangar. Eg legg punkta inn på GPS, og sparar på den måten mykje tid på leiting for å finne att staden.



Bildet over: Overgang
Ut frå biletet finn vi ein naturleg overgang i skogen, rett over hogstfeltet midt på biletet. Måren vil ikkje gå i sjølve hogstflata eller på myra i bakkant. Terrenget på bildet skråar nedover, og eg ville her ha plassert fella i bakre del av overgangen.

Eg har av og til opplevd at måren har gått rett forbi fella utan å vekkje interesse. Dette kan skyldast fleire faktorar. Vindretninga kan gå i motsatt retning frå måren si trekkrute, måren er mett og har rett og slett ikke lyst på mat, åtet er feil, eller fella er belagt med rust.
Store hannmårar kan ofte vere skeptiske, dei aner ofte lunta og skjøner at her er noko muffens. I slike tilfelle flyttar eg fella eit lite stykke, skifter åte og set av og til opp ei felle til. Når måren kjem att neste gong, vil den då lettare kunne la seg friste.
Sjølv om måren er ein god klatrer brukar eg oppgangstokk til fella. Alt som gjer vegen lettare til fella, er med på å auke mogelegheita for fangst. Denne bør plasserast 15-20cm under fella, slik den ikkje sperrar sjølve inngangen.
I sterk kulde held måren seg mest mogeleg i ro, stort sett i hi. Ved vèromslag er den svært aktiv. Periodar med mildvèr har vist seg å gi god fangst.
Mange fangstmenn nyttar flagging, dette er ein fugleving eller ei skinnfille som hengast i ein tråd over fella. Det vil fange måren si merksemd, og den trekker mot fella.
Måren er på langt nær så ømfintleg for menneskelukt som reven, som er svært var og bortimot umogeleg å fange i saks som ikkje er sett under vatn. Men eg vil likevel oppfordre til å koke fellene før dei settast ut. Urinèr aldri i nærleiken av fella. Som nevnt har måren ekstremt god luktesans, og alle lukter som ikkje lukter mat, kan skremme dyret.
Mårfangst handlar ofte om kor stor innsats du er villig til å leggje ned. Måren sine vandringsruter kan ofte ligge langt frå bilvegen. I snøfrie periodar er det lett å gå i terrenget, men gløym ikkje at turen ofte tek 3 gongar så lang tid i djup snø. Eg har ofte brukt ein hel dag på å sjekke fellene berre i nærområdet.

Om måren

Måren
Vi vil presentere noen mindre artikler om måren i Norge fremover. Her er første del. 
Håper du synes dette er interessant. Informasjonen er hentet fra heftet mårfangst av den mårfangern Pete Loebakk.

Måren
Måren tilhøyrer mårfamilien, og har det latinske navnet martes marten. Den har si utbreiing på den nordlege halvkula. I Noreg fins måren over heile landet, med unntak av nokre øyer langs kysten.
I gamle dagar vart det handla stort med mår, skinnet var svært mykje verdt og vart òg brukt som betalingsmiddel. Stor beskatning av bestanden gjorde at det vart innført fredning i 1930. Frå 1971 vart fangst av mår igjen tillatt og bestanden hadde vakse seg stor, spesielt utover 80-og 90 tallet då reveskabb herja, gjorde måren seg talrik. I dag fangast det ca 4 500 mår i Norge, den økonomiske verdien er svært liten, fangsten drivast i dag primært som viltstell.

bilete henta frå wikipedia

Måren har ei lengd på 65-85cm, hannmåren veg opp til 1,9kg og homåren ca 1 kg. Den har eit allsidig kosthald, er spesielt kjent for å være glad i søtsaker, men også egg og fuglar står ofte på menyen. Måren er ein samlar som legg opp lager av mat til vinterhalvåret. Den fins ofte i biotopar med tett skog, og søkjer gjerne til gammal granskog. Hiet er gjerne i et hult tre eller i ei steinur.
Måren har forsinka fosterutvikling, egget som vert befrukta utviklast ikke med ein gong til foster. Paringstida foregår i juli / august, og egget festar seg til livmora i januar / februar. Er tilgangen på mat dårleg, kan det skje at egget ikkje festar seg og utvikling av foster uteblir. Drektigheitstida er på ca 1 månad, ungene fødast i løpet av april. Dei veks raskt utover hausten, og forlet mora i oktober / november. Måren vert kjønnsmoden etter 1 år og lev til den er ca 10 år.

I likheit med andre mårdyr, hevdar måren revir. Områda varierer i storleik, frå 2-20 km2. Hannen sitt territorium er ofte dobbelt så stort som homåren sitt, og revira overlappar kvarandre. I topografi med tett skog og kupert terreng med god mattilgang er revira små, men i område med flatt terreng og meir glissen skog er dei noko større.
I søken etter mat forlet enkelte mårar sitt revir og kan vandre over store områder. Den brukar faste ruter og har ofte dagleie under røter, oppe i tre eller i urer. Måren er mest aktiv om natta i vinterhalvåret, sommerhalvåret kan den òg vere framme på dagtid. Måren har få naturlege fiendar. Den er ein del av kosthaldet til ørn, men også rev kan ved enkelte anledninger ta mår.

Neste del handlar om forskjellige felletyper
 
 
Mårfelle Komplett V3 Killer-B kasse 120 for mår
Mårfelle Komplett V3 Killer-B kasse 120 for mår
kr 599 Kjøp
 
 
ProTrap™ mårfelle
ProTrap™ mårfelle
 
kr 590 Kjøp
 
 

Feller for mår

Felletyper

Til fangst av mår har det gjennom tidene vore benytta ulike fangstmetodar. Fallstokk og gilder var mykje brukt før moderne feller vart utvikla. Eg vil her ta føre meg ulike felletyper som er lovleg i Norge, og bruken av desse.

Conibear er den mest vanlege typen av feller, og den fins i ulike storleikar. For mår er 120, 160 og 220 mest benytta. Mi erfaring er at 120-160 gir det beste slaget.
Conibear er ei forholdsvis rimeleg felle. Svakheten med Conibear er at stålet svekkast over tid, etter 5 sesonger er slagkrafta betydelig svekka og fellen er lite eigna for human fangst.
Sidan fella ikkje er laga av syrefast stål, vil den raskt gi rust på overflata. slike feller fangar dårleg, måren skyr rustlukt. Fellene bør settast inn med dye før bruk, eg anbefalar Dye. Denne gir ei beskyttande luktfri hinne, som hindrar rusten i å feste seg.

For å sette ei Conibear på lovleg vis, må denne plasserast 150cm over bakken. Mi erfaring er at conibear sett i kasse, gir den mest humane og effektive fangsten. Ein del dekker fella med granbar, eller festar den på stammen med åtet i brusflaske over utan tildekning. Dette vil eg ikkje anbefale, fordi det ofte gir feilslag. Mår som fangast i en bakfot er lite humant og set fangstmannen i eit dårleg lys.
Oppgangstokk er òg ein metode som er mykje brukt blant fangstmenn. Conibear fella settast på ein skråstilt stokk, minimum 150cm frå bakken. Det er viktig å tette til på undersida og kantane, slik at einaste vei er gjennom fella. Åtet leggast eit stykke bak fella. Dette gjeld ikkej dersom du kjøper Bakkekasser som denne.


ProTrap™ er ei felletype som har blitt populær dei seinare åra. Den er enkel i bruk og er laga i svært robust materiale, stålfjøra vil ikkje foringast over tid på same måte som conibear.
Det er viktig her at utløysermekanismen stillast rett.  Den har inngangshull på 9 cm. Dette gjer at fella kan settast lavare enn 150cm over bakken iht forskrift. For å skjerme åtet mot vèr og vind, legg eg granbar på toppen og ned på sida av fella. Men for å spreie dufta av åtet best mogeleg, bør ikkje dette verte for tett.  

Her er ein link til diverse mårfeller: 
https://www.fangstmann.no/categories/mar

 
 
Bakkefelle for mår - komplett - Killer B
Bakkefelle for mår - komplett - Killer B
kr 590 Kjøp
 
 
Conibear 120 (Slagfelle)
Conibear 120 (Slagfelle)
kr 179 Kjøp
 
 

Sliter du med å få måren i fella?

 
 
Sliter du med å få måren i fella?
Ikke fortvil!
Her kommer del 3 om åte/luktstoff for mårfangst av
Pete Loebakk!

Måren har eit allsidig kosthald, og er spesielt kjent for å like søtsaker.  Til åte brukar eg stort sett restar av rype eller skogfugl, honning og fiken, samt luktestoff som f.eks Hawbakers, Clamoil og Anisolje. Eg er svært påpasseleg med å ikkje bruke for mykje åte, måren har ekstremt god luktesans.  Ei felle som er fylt opp av åte og dynka i luktestoff, vil neppe fange. Dette vil gi samme effekta som om eit menneske kjem  inn i eit rom der golvet er dynka i salmiakk. 
Måren sin gode luktesans, gjer at den kan lukte åtet på langt hald.  Kor godt lukta av åtet spreier seg i terrenget, er avhengig av type åte, plassering av felle og vindretning. Eg set alltid fellene høgt i terrenget der det er bratte fjellsider.  På kalde vinterdagar vil luftstraumane trekke ned mot dalbotnen, og spreie lukta nedover. Sjekk alltid vindretninga der fella plasserast.  Går vinden frå måren si vandringsrute, kan den gå rett forbi utan å kjenne teften av åtet. 
 Gammalt åte luktar lite, og måren kan passere nært fella utan å vekke interesse.  Ved streng kulde sluttar kjøt å lukte, når kjøtet tørkar forsvinn fuktigheita og gir frå seg svært lite lukt. Eg let aldri åtet stå lenger enn 14 dagar.
 Vèret er òg ein vesentleg faktor for kor godt lukta spreier seg, og mange fangstmenn vel åte etter vèret.  Eg er av den oppfatninga at fiken spreier lukt uavhengig av vèrforhold, og at det av den grunn alltid bør brukast.
Eg legg òg åte utanfor fellene. På  kvar side av fella, 10-15 meter ifrå, smører eg litt honning på ein trestamme. Eg kastar òg  litt fuglefjør rundt sjølve fella, dette vil auke mogelegheita for å trekke måren mot fella.  Det er viktig å ikkje bruke for mykje, det vil flytte fokuset frå fella.
  
Dei siste åra har luktestoff blitt svært populært.  Eg er sjølv ein ivrig tilhengar av dette, og meiner det er svært effektivt.  Som nevnt bør dette brukast med måte, 6-7 dråpar er nok.  Legg litt på sjølve åtet, og bruk ampullar med hol i, dette held på stoffet og hindrar uttørking.  Eg  brukar ulike luktestoff, som Claim Oil, Anisolje og Hawbakers.  Sistnevnte har vist seg svært gunstig ved skiftande temperaturar. Ved kaldt vèr spreier dette lukta, då kjøt og honning sluttar å lukte.  Variasjon av luktestoffa gjer måren mer nysgjerrig.
Som nevnt er måren svært allsidig i kosten, som åte kan det gjerne brukast  kjøt, fisk eller frukt. Salt kjøt eller kjøt som er tilsett krydder bør ikkje brukast.  
Eg bruker samme type og mengde åte, uavhengig av felletype. Mitt favorittåte er ein rypevinge dyppa i honning, 2 fiken med 3-4 dråpar Hawbakers, ein luktestoffampull med 3-4 dråper.  Til kvar side smører eg ei spiseskei honning på ein trestamme, og legg litt fjør rundt fella.
Gjennom seinsommaren og tidleg på hausten, startar eg gjerne utforing på ein del av mine faste fangstplassar.  På den måten blir nye mårar vant til å finne mat på denne plassen. Ungane som utpå hausten skil lag med mora, søkjer ofte til slike åteplassar. November er då ofte ein god fangstmånad. 

SJÅ ALLE VÅRE UTVALGTE OG EFFEKTIVE LUKTSTOFF HER
KJØP NÅ
Clam Oil mårlokkemiddel
 
Hawbakers luktstoff til mår
Hawbakers luktstoff til mår
kr 179
Mississippi Special Matlukt
Mississippi Special Matlukt
kr 179
Dunlaps luktstoff til mår
Dunlaps luktstoff til mår
kr 199
Mår Urin
Mår Urin
kr 179
SE FLERE PRODUKTER
Fangstmann vedmaskin RM12
 
TJEN PENGER PÅ VEDPRODUKSJON
Fangstmann vedmaskin RM12
Sjekk prisen.  Forhåndsordre 45.000,- eks MVA Vedmaskin i høy kvalitet. Bensindreven hydraulikk med hengerstag for rask transport og mobilitet. Perfekt for f.eks ATV med 50 mm kulekobling.
Kontakt oss
Nettside   Facebook   Instagram